Tilsette

Gert Remeijer
Lege
Eksamen frå medisinstudiet i Groningen 1983. Har praktisert i Noreg frå 1985, mest som allmenpraktiserande lege, men også ein periode som bedriftslege. Han byrja ved Norheimsund Legesenter 1991. I tillegg til allmenpraksis arbeider han som helsestasjonslege og skulelege i Norheimsund. Gert Remeijer er spesialist i allmennmedisin, og sertifisert petroleumslege.

Gudmund Øvsthus
Lege
Gudmund Øvsthus vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen i 2006. Etter endt turnustjeneste har han arbeidd som lege ved medisinsk avdeling, Førde sentralsjukehus, og som kommuneoverlege og fastlege i Jondal kommune. Han starta som fastlege ved Norheimsund legesenter i desember 2010. Han tek i mot pasientar i Norheimsund tirsdag og fredag, og i Strandebarm mandag og onsdag. Gudmund Øvsthus er spesialist i allmennmedisin, og sertifisert petroleumslege.

Martin Erdal
Lege
Martin Erdal var utdanna fysioterapeut før han byrja medisinstudiet. Ferdig med legestudiet i Bergen 1985. Arbeidd i allmenpraksis frå 1988, og ved Norheimsund Legesenter frå 1991. Martin Erdal er spesialist i allmennmedisin, og sertifisert petroleumslege/sjømannslege

Iselin Kulseth
Turnuslege
Iselin Kulseth er turnuslege (LIS1) ved Norheimsund legesenter 01.09.20-01.3.21. Ho kjem frå Bergen, er utdanna ved Universitetet i Lòdz i Polen, og har hatt turnusteneste ved Voss sjukehus før ho kom hit. Ho har også arbeidserfaring frå Kysthospitalet i Hagevik. Ho har kontordagar mandag-onsdag, og fredag. Torsdagar arbeider ho med sjukeheimsmedisin. Velkomen til Iselin!

Ramona Gjøsæter Myklebust
Lege
Ramona Myklebust starta som fastlege Norheimsund legesenter i 2019. Ho arbeider på kontoret tirsdagar, torsdagar og fredagar. Mandagar har ho kommunalt arbeid. Ramona er har hatt turnusteneste på Haraldsplass diakonale sykehus og i Meland kommune.

Aina Vågen
Helsesekretær

Elisabeth Fremgaard
Helsesekretær

Elisabeth Regine Vestbø
Bioingeniør

Lillian Lund
Helsesekretær