Frå 01.06.18 sender ut fakturaer for Norheimsund legesenter. Pasientar som ikkje betaler på terminal same dag, vil motta faktura. Melin Collectors har fram til no sendt første varsel om faktura på SMS eller epost til pasientar mellom 18 og 65 år. Pga GDPR-reglementet må no alle pasientar samtykka til at faktura blir sendt ut elektronisk. Dersom du er registrert med mobiltelefonnummer hjå oss, vil du difor motta SMS med forespørsel om du godtek mottak av elektronisk faktura i framtida. Om du har registrert deg med epostadresse på helsenorge.no, eller på pasientsky.no, som er Melin Collectors sin fakturaportal, vil du motta epost med same forespørsel. Slik kan du motta elektronisk faktura i framtida. Om du ikkje samtykkjer, vil du motta faktura i vanleg brev. Skulle du angra på ditt samtykke i framtida, og ynskjer å gå tilbake til faktura i vanleg brev, kan du når som helst be Melin Collectors om senda ut faktura manuelt.