Norheimsund legesenter
Velkomen til oss!
KOMMUNISER MED OSS PÅ HELSENORGE!
Det er no råd å kommunisera med legekontoret via tenesta "Digital dialog med fastlege" på helsenorge.no Her kan du fornya faster reseptar, starta e-konsultasjon med fastlegen din, og koma med enkle spørsmål til legekontoret. På sikt vil du også kunna bestilla timar her. Legen din kan også senda deg tilbakemelding på same måte. Dette er godkjend som sikker digital kommunikasjon.
Første gang du brukar dette, må du aktivera tenesta ved å logga deg inn på helsenorge.no Du treng bank-ID for å gjera dette.
Ta i bruk digital dialog med fastlege, det gjer kommunikasjon med din fastlege enklare!
Time- og reseptbestilling kan også framleis gjerast på Helserespons sin app for nettbrett og smarttelefon. Her kan ein og koma med korte spørsmål til legekontoret.
Denne appen er tilgjengeleg gratis i google Play til Android, og i AppStore til iOS.
NB! Bestill ikkje øyeblikkeleg hjelp-timar elektronisk!
Me ynskjer at så mange som mogeleg nyttar elektronisk bestilling av time og resept, dette kortar ned ventetida på telefon for dei som ikkje kan kontakta oss på annan måte.
