Hopp til hovedinnhold

Send til 2097:

NORHEIMSUND fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

NORHEIMSUND 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Endring av opningstider i veke 42 og avslutting av Helserespons

9. oktober 2024

Alle legekontora i Kvam får nytt journalsystem. I den forbindelse er det behov for opplæring i det nye systemet for alle tilsette ved legekontora. I veke 42 vil det difor vere stengt her ved Norheimsund legesenter torsdag 17.oktober.

Om du treng legetilsyn den dagen kontoret der din fastlege jobbar er stengt, kan du ta kontakt med eit av dei andre legekontora.

Me skal i tillegg avslutte HELSERESPONS, og vil oppmoda alle til å heller kontakta oss via telefon eller helsenorge. Meldingar på Helserespons vil ikkje bli besvart fom. fredag 11.oktober.

Har du fått melding om endring av fastlege?

21. august 2024

I dag, 21.8.2024 gjekk det ut melding frå HELFO til innbyggjarar i Kvam som har bl.a. fastlegane Martin Erdal og Gert Remeijer. Desse pasientane står no på pasientliste utan fastlege. Dette skuldast at legane har sagt opp sine fastlegeheimlar. Kvam herad har inngått vikaravtalar med legane. 

Legane hjå oss, Martin Erdal og Gert Remeijer kjem til å halda fram som fastlegevikar på dei pasientlistene som dei har hatt. For deg som pasient vil dette ikkje føra til nokon endringar med det første. 

Sommeravvikling 2024

21. juni 2024

Legesenteret i Norheimsund vert stengt i to veker denne sommeren, veke 29 og 30. Det vil då vera hjelp å få ved sommelegekontor lokalisert ved Toloheimen, i legevakten sine lokaler. 

Me oppmodar sterkt om at resepter og timebestilling må føregå forut for desse vekene, då det vil vera lågare bemanning dei to vekene, enn det som er vanlig. 

Legane har ferie som følger:

Kyle Smestad; 26-29

Gudmund Øvsthus; 26-29 

Gerrit Remeijer; 27-30

Martin Erdal: 30-33

Ramona Myklebust; 29-32

 

Me ynkjer alle ein flott sommer!