I dag, 21.8.2024 gjekk det ut melding frå HELFO til innbyggjarar i Kvam som har bl.a. fastlegane Martin Erdal og Gert Remeijer. Desse pasientane står no på pasientliste utan fastlege. Dette skuldast at legane har sagt opp sine fastlegeheimlar. Kvam herad har inngått vikaravtalar med legane. 

Legane hjå oss, Martin Erdal og Gert Remeijer kjem til å halda fram som fastlegevikar på dei pasientlistene som dei har hatt. For deg som pasient vil dette ikkje føra til nokon endringar med det første.