Spørsmål til legen din

Har du spørsmål til legen din, kan du starta e-konsultasjon på helsenorge.no. Du vil også kunna senda korte meldingar via vår heimeside under reseptbestilling, eller via "andre henvendelser" på app.
Du kan også stilla spørsmål på epost, men me gjer merksam på at du her ikkje må koma med sensitive personopplysningar.
Du vil bli kontakta pr telefon, SMS, eller epost.
Om du trur det er lettast å ta opp problemstillinga med legen direkte, ta kontakt med sentralbordet for telefonkonsultasjon eller legetime.